180405-SFO-ferie-og-pris-29-b

Krev ferie-SFO

Godt tilbod. Det er tilgjengelegheit og pris Nina Kaasa (t.v.), Tine Schia og Aase Ragnhild Brokka er opptekne av når det gjeld SFO-tilbodet i Bø.

 

 – For lite og for dyr ferie-Sfo

Det må vere tilbod om SFO i fleire ferieveker om sommaren. Det må òg vere mogleg å ha full SFO i ferievekene for dei som ikkje har full plass elles. Dessutan er tilbodet for dyrt.

Det er kort oppsummert ankepunkta til foreldra i FAU (foreldras arbeidsutval) for SFO (skule-fritids-ordning) ved Bø skule. Det fortel FAU-representantane Aase Ragnhild Brokka, Nina Kaasa og Tine Schia.

Dei har tidlegare teke opp saka med politikarane, men opplevde at dei ikkje fekk god nok respons.

– Me har møtt lita forståing hjå politikarane. Me opplever at dei ikkje er engasjerte nok i saka. Derfor går me til avisene no, seier Brokka

Les meir i papiravisa eller eavisa. Bø blad kan også kjøpast på buyandread.no.