Miljøstasjonstomta graveearbeid 4. april 2019 0439

Kritikkverdig, men ikkje ulovleg

Tomta på Brenna. Her blir det jobba med grunnarbeid på miljøstasjonstomta på Brenna. Bilete er frå april i år.

Bø kommunestyre skal i kveld handsame Telemark kommunerevisjon sin ferske rapport frå selskapskontroll og forvaltningsrevisjon om renovasjonsselskapet IRMAT sin leigeavtale av areal for miljøstasjon på Brenna. Rapporten er bestilt av Bø kommunestyre og rådmannen si innstilling er å ta rapporten til orientering.

Kontrollen har etter det me skjønnar ikkje avdekka ulovlege tilhøve ved det sentrale spørsmålet om forhandlingane og kontraktsinngåinga mellom IRMAT som leigetakar og grunneigar Babord AS ved Jørn Pettersen. Det blir likevel stilt kritiske spørsmål ved framgangsmåten ved prisfastsettinga, og at IRMAT burde hatt betre styring med denne og burde ha handtert heile prosessen annleis. Kommunerevisjonen slår fast at det blei inngått ein dårleg avtale og at det verka som at IRMAT ville inngå avtale uansett pris. Revisjonen seier det tyder på at IRMAT følte seg bunden av intensjonsavtalen og handla utan å sjekke om ein kunne gjere alternative val. Det blir stilt spørsmål om ikkje IRMAT burde vurdert kjøp av tomta sjølv og dermed gjort ein jobb for å sikre finansiering til kjøp. Revisjonen seier at det er underleg at ikkje finansieringa var klar når ein var kome så langt. Revisjonen påpeikar at mykje tyder på at IRMAT følte seg fanga av avtalar som blei gjort undervegs.

IRMAT har engasjert firmaet Sweco som byggherre på utbygginga av miljøstasjon på Brenna. Revisjonen peikar på at dette er eit oppdrag som ikkje har vore lagt ut til konkurranse.

Telemark kommunerevisjon set i rapporten til dels streng kritikk både mot IRMAT og Bø kommune på fleire andre enkeltspørsmål innan avfallsverksemda.

Noko av kritikken:

  • Ansvarsfordelinga mellom Bø kommune og IRMAT har vore uklar.
  • IRMAT har ikkje forhalde seg til lov om offentlege anskaffingar ved fleire tilfelle, blant anna ved kjøp av eksterne konsulenttenester
  • Bø kommune har hatt dårleg kontroll angåande sjølvkostprinsippet på renovasjonsområdet.
  • Bø kommune har heller ikkje hatt god nok kontroll på betalingssystemet angåande næringsavfall. Her blir det retta kritikk på at Bø kommune «har sove i timen». Kommunen sin avtale med Sunde transport angåande næriingsavfall blir definert som ulovleg.
  • IRMAT sin bruk av konsulenttenester virkar lite planmessig. Det blir påpeika at kjøpet av konsulenttenester har vore stor. Blant anna har IRMAT kjøpt tenester frå Norconsult for om lag 2,2 millionar kroner i perioden 2015 til 2019. Rapporten påpeikar at tenestene ikkje har vore lagt ut til konkurranse og det manglar også skriftlege avtaler.
  • IRMAT har engasjert firmaet Sweco som byggherre på utbygginga av miljøstasjon på Brenna. Revisjonen peikar på at dette er eit oppdrag som ikkje har vore lagt ut til konkurranse