Bø sjukeheim manglande plass full
STENGT. Sjukeheimane i Midt-Telemark kommune er stengt for besøkande.
TESTREGIME: Det er oppdaga smitte hos tilsette ved Bø sjukeheim.
SJUKEHEIM: Bø sjukeheim i Folkestadvegen. FOTO: Arkivfoto, Bø blad

Kvar skal tenestene ligge?


Helse- og omsorgsadministrasjonen har i dag kontor på Bø sjukeheim. Kvar det skal lokaliserast i framtida, er fredag tema i fellesnemnd og partssamansett utval. Arkivfoto

Lokalisering av tenester i den nye kommunen står på sakskartet i partssamansett utval og fellesnemnda for Midt-Telemark kommune fredag.

Ein skal blant anna diskutere plassering av flyktningtenesta og vaksenopplæringa på Akkerhaugen. Kvar den blir plassert kan igjen få konsekvensar for kvar landbruk, næring og reiseliv bør ha kontor.

Forslaget til administrasjonen er at kulturleiinga skal lokaliserast til Gullbring.

Helse- og omsorg skal ifølgje intensjonsavtala lokaliserast i Bø. I dag er store deler av denne administrasjonen lokalisert på sjukeheimen, men på sikt bør desse romma brukast av pasientar, står det i sakspapira.