190926 Skarphedin fotball a-lag mot Tollnes

Kven er best i Midt-Telemark?

Serieavslutning. Tysdag 22. oktober går siste seriekamp i kretsligaen. Da får ein avgjort kven som er det beste laget i Midt-Telemark. Arkivfoto.

Siste serierunde 22. oktober vil avgjere om det blir Skarphedin i Bø eller Ulefoss/Skade som kan sole seg i glansen av å ha Midt-Telemarks beste fotballlag for herrar. Før siste serierunde ligg Skarphedin eitt lite poeng over Ulefoss/Skade og har 4. plassen på tabellen.

Nest siste serierunde i kretsligaen, 4. divisjon for herrer, gjekk i går kveld. Skarhedin tapte 5-3 borte mot Odd 3 etter ein god kamp. Ulefoss/Skade imponerte og klarte uavgjort 2-2 borte mot suveren divisjonsvinnar Urædd. Dette blei første poengtapet på heimebane for Urædd i årets serie, og dermed ei fjær i hatten til Ulefossingane.

22. oktober skal det avgjerast: da møter Skarphedin botnlaget Herkules, medan Ulefoss/Skade møter eit anna botnlag, Tollnes. Begge lokallaga har heimekamp. Etter alle solemerke skal det bli heimesiger i begge kampane, men det skal spelast først.

To bøheringar som har forlate Skarphedin skåra mål både for Odd og Ulefoss/Skade i desse kampane: Sander Mæland skåra eitt for Ulefoss/Skade, medan Oskar Kolstad Nordskog skåra tre for Odd 3. Han har forøvrig skåra 22 mål for Odd 3 på 25 kampar i årets sesong.