nett Hagadrag 20 mars 2018

Låg vassføring i Bøelva

Lite vatn. Kurva viser vassføringa i Bøelva ved Hagadrag. Frå 10. mars har vassføringa stupt frå 24 kubikkmeter per sekund til cirka 4,5 m3/sekund i dag tidleg.
Kjelde: NVE.

Øystein Akselberg, oystein@boblad.no – tlf 906 38 453

På grunn av stans i Sundsbarm kraftverk blir det no lågvassføring i Bøelva fram til snøsmeltinga tek til.
Tysdag 20. mars er vassføringa i Bøelva ved Hagadrag nedstraums Seljordsvatnet omlag 4,6 kubikkmeter per sekund (m3/sekund). Dette er like over minstevassføringa som er avtalt i konsesjonen til Sundsbarm kraftverk. Fleire folk i Bø har reagert på den låge vassføringa og er bekymra for kva effekt dette kan få for livet i elva.

Planlagt vedlikehald
Sundsbarm Kraftverk blei 10. mars teke ut av drift da kontrollanlegget i stasjonen skal skiftast ut. Dette er eit planlagt vedlikehald og vil vare til ut i juni månad.
– Vassføringa ved Hagadrag blir dermed bestemt av minstevassføringa i Vallaråi i Seljord og lokale tilsig til Seljordsvatnet, seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes i Skagerak Energi.
Omnes viser til at Bø kommune er regulant for Seljordsvatn og Bøelva og at det er ein avtale mellom Bø kommune og Skagerak om at vassføringa i Bøelva skal haldast over 4.5 m3/sekund av omsyn til produksjonen nedstraums. Pålegget i konsesjonen er noko lågare, eigentleg 3,0 m3/sekund.
– Når snøsmeltinga kjem i gang vil tilsiga auke, og med det vassføringa i Hagadrag, seier Omnes.

Nok vatn
Magne Wraa i Skagerak Kraft, som er ansvarleg for Sundsbarm kraftverk, forsikrar at det er tilstrekkeleg med vatn i Seljordsvatnet til å oppretthalde minstevassføringa i Bøelva.
– Vassføringa er nå 4,6 kubikk per sekund, men vil synke gradvis til 4,0. Me har 70 centimeter ned til nivået for luka som regulerer tilførsla til Bøelva, så me har mykje å gå på, seier Wraa, og reknar med dei skal klare å halde vassføringa mellom 4 og 6 kubikkmeter per sekund fram til vårsmeltinga startar.