Irmat Brenna gjenvinningsstasjon leigeavtale
Irmat Brenna gjenvinningsstasjon leigeavtale

Leigeprisen for miljøstasjon er redusert

Framtidig miljøstasjon. Det interkommunale renovasjonsselskapet IRMAT planlegg å bygje miljøstasjon på ei tomt på Brenna/ Storkaas. No har leigeprisen på tomta blitt reforhandla. Foto: Marta Kjøllesdal.

Renovasjonsselskapet IRMAT sin avtale om leige av eit areal på Brenna til etablering og drift av ein interkommunal miljøstasjon har vore ei heit potet i media. Både lokaliseringa og prisen som IRMAT må betale til grunneigar og utleigar Brenna Stasjon AS ved Jørn Pettersen har vore kritisert frå ulike hald.Miljøstasjonen skal liggje som næraste nabo til Midt-Telemark næringspark, på nabotomta til det nye lensmannskontoret.

Onsdag kom nyheita om at IRMAT og Brenna Stasjon AS har reforhandla leigeavtalen. Helge Granlund, styreleiar i IRMAT, informerer at ny avtale betyr ein betydeleg reduksjon i leigeprisen. Samla årleg leige inkludert lokaler og fellesutgifter er redusert frå 910.000 kroner årleg til 670.000 kroner.

– Leigeprisen er redusert med 240.000 kroner per år og samsvarer nå betrakteleg betre med det som følgjer av den eksterne verdivurderinga me har fått utført, seier Helge Granlund i ei pressemelding.

Samtidig er det avtalt ein forlengig av leigeavtalen på ti år. Ny avtale gjeld fram til år 2050. Ny avtale seier også noko om at IRMAT må ta på seg eit ansvar dersom eventuelle andre leigetakarar fell bort på grunn av IRMAT si verksemd på området.

IRMAT skal i alt investere 35 millionar kroner i to prosjekt, eit på Brenna og eit på Notodden. Brenna-prosjektet kostar 13 millionar. Investeringa fører til at det årlege renovasjonsgebyret i Bø aukar med 238 kroner for kvar husstand (ei auke på åtte prosent).