Sosiale medium

Bø i Telemark
01
17°C
 

Dato

Sundag 16. juni 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Nytt NAV-kontor kjem i Lektorvegen 13

Her kjem NAV-kontoret. I Lektorvegen 13, i krysset ved Lektorvegen og Folkestadvegen, vil framtidas NAV-kontor bli liggjande. Foto: Øystein Akselberg

Bøfirmaet Eiendomsdrift skal byggje eit stort nærings- og bustadbygg i Lektorvegen 13 til 80-90 millionar kroner. NAV Midt-Telemark blir største leigetakar.

Leiar ved NAV Midt-Telemark, Hanne Sommerfelt, stadfestar at NAV har bestemt seg for å gå inn i kontraktsforhandlingar for leige av kontorlokale hjå bøbedrifta Eiendomsdrift SA. Lokala blir plassert i eit nytt nærings- og bustadbygg i Lektorvegen 13 i Bø sentrum.

Sommerfelt fortel at NAV har hatt fleire tilbydarar på oppdraget, blant anna Grivi Invest, Grivi Eiendom, Telemark forvaltning og Hellestad Eiendom.
– Me har vald tilbodet som passar best for NAV når det gjeld pris, behov og forslag til løysingar, seier ho, og legg til at det handlar om eit leigeforhold.

Eiendomsdrift har eigd Lektorvegen 13 i over ti år og har ifølgje dagleg leiar Ole Christian Bakås hatt planar om å utvikle eigedomen til næringsføremål.
– Nybygget blir på fire-fem etasjar med grunnflate på 800 kvadratmeter og parkeringskjeller, seier Bakås.

Ein reknar med innflytting på nyåret 2021.

Les meir i dagens avis og sjå korleis det planlagte bygget ser ut.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje