140626-Sankthans-st-hans-Kvennøya-2014-11

Lempar på bålforbod

Generelt forbod. – Det generelle bålforbodet i perioden frå 15. april til og med 15. september gjeld framleis, understrekar brannsjefen.

Brannsjefen i Midt-Telemark opphevar det ekstraordinære bålforbodet som vart innført 13. juli. Då vart det forbod mot all bruk av open eld som kan antenne gras, skog eller liknande inntil situasjonen endrar seg.

Brannsjefen skriv på nettsidene til Bø kommune og Sauherad kommune at det framleis kan vere stor skogbrannfare på Austlandet, men i enkelte kommunar i Telemark er skogbrannfaren redusert til «normalt» nivå.

– Det generelle bålforbodet i perioden frå 15. april til og med 15. september gjeld framleis, understrekar brannsjefen.

Han peikar på at dersom ein gjer opp eld eller behandlar brannfarlege gjenstandar må ein vere spesielt merksam på faren for at ein kan tenne på noko og at elden skal spreie seg.