160114 kommunereform underskrivingsmøte 19 b

Lite å tene økonomisk

160114 kommunereform underskrivingsmøte 19 b

Feira med kake. Måndag vart intensjonsavtalen for i ny kommune i Midt-Telemark signert av medlemmane i forhandlingsutvalet. Det vart feira med kake, men den økonomiske gevinsten er kanskje ikkje så stor som ordførar i Bø, Olav Kasland meiner. Tv. Mette Haugholt, ordførar i Sauherad, Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome t.h. Erling Rønnekleiv lengst til høgre.

 

 Avtala i boks

 

– Det er lite å tene økonomisk på kommunesamanslåinga. Samfunnsøkonomisk er det viktig at Nome kan kome til å måtte betale høg arbeidsgjevaravgift.

Det seier forskar Kjetil Lie ved Telemarksforsking om ei eventuell kommunesamanslåing i Midt-Telemark.

Tysdag denne veka var han sitert i avisa Varden på at det ikkje blir nokon ny økonomisk kvardag etter ei kommunesamanslåing. Det vart lagt fram tal på møtet i forhandlingsutvalet for ei ny kommune i Midt-Telemark måndag denne veka som viste at det ville vere ein solid økonomisk gevinst ved å slå seg saman. Ordførar Olav Kasland meinte at det var 800 millionar kroner i forskjell på det ein tener på å slå seg saman og det ein tapar på å ikkje gjere det.

Bildet på framsida:

F.v. Hans G. Jørgensen, varaordførar Nome, Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar Nome, Olav Kasland, ordførar Bø, og Mette Haugholt, ordførar Sauherad.

Les meir i Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no