120607-Burot-liten-13-

Luk burot ­ – vinn pengar

Unge plantar. Slik ser unge burotplantar ut. Baksida av blada er grå.


Astma- og Allergiforbundet arrangerer burot-lukekonkurranse. Dei lovar ut fem pengepremiar til skular og barnehagar som deltek i Aksjon Burot.

Det er mange som er plaga av burotpollen.

– Burotpollen fører til store allergiplager med rennande nase, auge og hovudpine, skriv Astma- og Allergiforbundet i ei pressemelding.

Det opplyser at burotpollen gir like store plager som bjørkepollen. Dersom ein fjernar plantar før 1. juli rekk dei ikkje å  blomstre. Dermed kan elevane kome på skulen i august og sleppe plager. I juni er også plantane lette å fjerne.

Luk rundt skular og barnehagar

– Alle skular og barnehagar i Telemark, Vestfold og Buskerud er inviterte med i Aksjon Burot. Aksjonen går ut på at ein skal luke burot i ein til to timar mellom 10. og 30. juni. 100 til 200 meter rundt skulen eller barnehagen. Burota legg ein på bakken eller i sekkar som blir tømt i komposten. Astma- og Allergiforbundet skriv at ein helst bør bruke hanskar når ein luker.

Når ein har lukt tek ein helst bilde av det og sender det med ein e-post til Astma- og Allergiforbundet. Dei som sender inn er med i trekning av fem premiar på 4.000, 2.000 og tre på 1.000 kroner.

Effekt etter tre år

Astma- og Allergiforbundet oppfordrar også alle kommunane til å slå langs vegar, sykkelstigar og alle institusjonar. Mange skular og barnehagar var også ute og luka i fjor. Astma- og Allergiforbundet opplyser at etter tre år med luking vil ein sjå at det blir mindre burot og færre plager.

Med blomster. Blomstrande plantar kan bli 180 cm høge.