fsk 040119

Lukka møte om Gullbring

Hemmeleg, inntil vidare. Bø formannskap får akkurat nå informasjon om saka som handlar om framtidas organisering og drift av Gullbring kulturanlegg. Foto: Øystein Akselberg

På svært kort varsel har administrasjonen i Bø kommune innkalla til møte i Bø formannskap i dag klokka ni. I innkalling står det at møtet gjeld orientering om framdrifta i Gullbringbringsaka; dvs. organisering og drift av Gullbring kulturanlegg. I innkallinga heiter det vidare at møtet blir lukka av forretningsmessige omsyn, og det visast til offentlegheitslova paragraf 13 og forvaltningslova paragraf 13-2. Bø formannskap er i saka styringsgruppe for den framtidige organiseringa av Gullbring som kommunalt AS.

Rådmann Åse Egeland argumenterte for lukking og viste til at ein skulle ha eit orienteringsmøte for styringsgruppa utan at vedtak skal gjerast. – Me skal diskutere forretningsmessige hemmelegheiter og interne forhold. Desse blir offentleggjort seinare. I denne fasen treng me ro til å diskutere og jobbe med saka. Neste orientering kjem i formannskapet 18. mars, som også blir lukka, sa Egeland. Ho sa vidare at formannskapsmedlemmene har tausheitsplikt for det som kjem fram i dagens møte. Assisterande rådmann Terje Kili korrigerte rådmannen litt på dette og sa at medlemmane ikkje kan bindast til tausheit, men blir oppfordra til det. – Dette er eit møte med utsatt offentlegheit. All info kjem fram seinare, forklara Kili, og la saka i hendene på formannskapet. – Er dere med på i slik ordning eller ikkje, sa han.

– Om me ikkje lukkar møtet så stoppar me møte her og nå, sa rådmann Egeland.
Møtet blei så lukka med seks mot ei stemme. Glenn Isaksen (Ap) gjekk i mot å lukke møtet og var også kritisk til å bli pålagt tausheit. – Det må ligge nokre voldsame hemmelegheiter i denne saka for å forsvare lukking. Folk er opptatt av saka og alt burde vere offentleg, sa Isaksen, som også sa at han ikkje ville vere bunden av tausheitsplikt.

Rådmannen varsla også at det i føremiddag også skulle haldast eigarmøte med Gullbring kulturanlegg og Bø kommunale eigedomsselskap. Begge desse møta er også lukka for offentlegheita.