181018-Hans-Kortner-Ryen-12-b

– Må få byggje utanfor Gvarv

Utsikt til Lifjell: Hans Kortner Ryen ønskjer ikkje at sjansen til å utvide bustadfeltet Geiteryggen på Hørte skal bli stoppa av ein ny samfunnsdel i kommuneplanen.

Meiner ein treng byggjefelt i andre deler av Sauherad

Hans Kortner Ryen meiner ein må sikre seg at det kan lagast bustadfelt i Sauherad utanfor Gvarv sentrum.

Arealstrategiane som er foreslått for den nye kommunen Midt-Telemark gjer at alle planlagde bustadfelt i Sauherad som det ikkje er laga reguleringsplan for vil forsvinne ut dersom dei blir vedtekne slik dei ligg i dag. Det stadfesta også arealplanleggar Kristin Karlbom Dahle på eit møte nyleg.

– Eg er bekymra, seier kommunestyremedlem, Hans Kortner Ryen, Senterpartiet (Sp).

Han viser til at i den gjeldande arealplanen for Sauherad er det lagt inn fleire felt som ligg an til å bli tekne ut dersom strategiane ikkje blir endra.

Les meir i papiravisa eller e-avisa.