Stengd. Mariposa er eit aktivitetstilbod for fleire ved Bø arbeidssenter. Kafeen var stengd 17. mai og i sommarferien.
Stengd. Mariposa er eit aktivitetstilbod for fleire ved Bø arbeidssenter. Kafeen var stengd 17. mai og i sommarferien.

Mariposa er med i kommunens planar vidare

Viktig stad. Mariposa er eit aktivitets- og arbeidstilbod i regi av Bø arbeidssenter. No er kaféen igjen blitt tema i budsjettarbeidet i Bø kommune. Arkivfoto.

Bø blad meldte i torsdagens avis at kaféen Mariposa, som driftast av Bø arbeidssenter, var tema under måndagens formannskapsmøte i Bø kommune.

Bø kommune har signalisert at det må gjerast ein innsparing på ein halv million kroner innanfor området arbeid/aktivisering,  som er området til Bø arbeidssenter. Det blei i ein samanheng nemnd at kafèen stod i fare for å bli nedlagt om heile kuttet for Bø arbeidssenter måtte takast på Mariposa.

Leiar for Bø arbeidssenter har uttalt at det ikkje ligg i planane å leggje ned tilbodet på Mariposa. Sjølv med eit kutt på ein halv million kroner på dette området skal dei klare å drifte totaltilbodet til Bø arbeidssenter.

Rådmann Åse Egeland bekreftar overfor Bø blad i dag at det ikkje har vore snakk om å leggje ned Mariposa, men at arbeidssenteret må finne ei løysing på innsparing på annan måte.