190516-Kjell-Aage-Verpe-09-b

Meiner Bø kan bli betre på handel

Har tru på Bø. Sjefen i Bø Handelspark, Kjell Aage Verpe, har tru på at handelen i Bø fortsatt kan vekse, men då må ein også legge til rette for det.

– Bø har potensial til å bli endå større på handel, men då må ein legge til rette for det. Ein må opne opp reguleringa av handelsparken, men styre utbygginga.

Det seier Kjell Aage Verpe, mannen bak Bø Handelspark der Carlson Fritzøe og Biltema har etablert seg. 

Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som legg fram tala for omsetning i butikkane rekna ut per person i kommunen. Tala viser at handelen målt i kroner per innbyggjar i Bø auka med sju prosent til 137.980 kroner frå 2017 til 2018. Det er tiande best i landet.

Seljord er framleis er større enn Bø med ein omsetning på 145.228 kroner per innbyggjar.

Les mei om korleis hadelen utviklar seg i Bø og Sauherad i papiravisa eller i eavisa på nett. Bø blad har også reknat ut tala for dei ulike regionane i Telemark og den nye kommunen.