– Der Frp ser unødvendig byråkrati, ser me høg kvalitet
Frp har endå ein gong teke til orde for å leggje ned fylkeskommunen, og billige politiske poeng har dei siste dagane vorte serverte på rekkje og rad. Men det er ein fordel om kartet stemmer overeins med terrenget, og her bommar høgresida.
Telemark fylkeskommune er først og fremst folk. Det er lærarar og tannlegar som tek vare på barna våre, ingeniørar som driftar fylkesvegar, bussjåførar som får oss trygt fram. Det er høgt kvalifiserte tilsette som jobbar med folkehelse, kultur, miljø, næring og regional utvikling.
Sjå for deg at alle desse oppgåvene i staden blir fordelte mellom statsforvaltar og kommunar. Sjå for deg at alle kommunar skal tilby sine ungdommar alle studieprogram ein har i den vidaregåande skulen. Berre i Telemark er det nesten 300 ulike måtar å få eit vitnemål eller ta eit fagbrev på. Kven ville prioritert rimelege billettar på den populære bussruta mellom Seljord og Skien? Kven skulle teke ansvar for å løfte opp utvikling av Fensfeltet som viktig for heile fylket? Og hadde det vorte pengar til prosjekt som Gassvegen viss Bamble kommune skulle sørgt for dette åleine? Neppe!
Fylkeskommunen sikrar god kvalitet på tenester, særleg på små stader der det er umogleg for ein kommune å ha kompetanse og ressursar til å klare alt sjølv. Der Frp ser unødvendig byråkrati, ser me dedikerte tilsette som leverer tenester av høg kvalitet, underlagd demokratisk kontroll. Er innbyggjarane misfornøgde kan dei velje seg andre politikarar kvart fjerde år. Dette styrkjer lokaldemokratiet og sørgjer for at politiske avgjerder er baserte på lokalt engasjement og kjennskap til regionale forhold. Ein statsforvaltar kan ikkje avsetjast gjennom demokratiske val.
Utan fylkeskommunen som ein samordnande og overordna instans, vil det vekse fram nye løysingar for samarbeid. Dermed vil ikkje makta som fylkeskommunen i dag utøver forsvinne, han vil berre flyttast. Avgjerder vil takast med større avstand til folk og vere lengre unna den demokratiske kontrollen. Me vil få fleire fordyrande interkommunale selskap, fleire sentraliserte, statlege verksemder og ikkje minst langt fleire storkommunar. Det er umogleg å sjå for seg ein røyndom utan fylkeskommunen som ikkje også inneber store endringar i kommunestrukturen.
Demokratiet har ein kostnad, men det har også ein verdi. Me meiner innsparinga ved å kutte ut fylkeskommunen er lite verd, sett opp mot det ein mistar av lokaldemokrati og nærleik til innbyggjarane. Oppgåvene vil jo uansett vere der. Ungdom må gå på skule, vegar må driftast og haldast ved like.
Me er langt frå overtydd om at byråkratiet vil bli billigare og meir effektivt om oppgåvene frå fylkeskommunen delast opp. Det er ingen ting som tyder på at fylkeskommunen samla sett blir driven ineffektivt, tvert om. I eit VG-intervju peikar kommunalminister Erling Sande til Kostra-tal som viser at fylkeskommunar har 4,5 prosent i administrasjonsutgifter, medan kommunane har 5,4 prosent.
Me må heller ikkje gløyme at ein sentraliseringsprosess vil vere kostbar, omfattande og upopulær. Det har me prøvd før her, med lite hell. Det betre å sikre at fylkeskommunane er godt nok rusta for å løyse dei oppgåvene me allereie har.