– Kva verdi har eigentleg fuglane våre?
I debattar om vern eller utbygging endar ein ofte opp med fylgjande spørsmål: Kva skal me leva av i bygdene?
Me treng arbeidsplassar og inntekter, og naturen står ofte vegen for det ein kallar «utviklinga». Men kva er det som fyller livet med meining, og gjev verdifulle opplevingar? Og kva med etterkomarane våre, skal dei få del i naturmangfaldet?
Det er all grunn til bekymring, for fugleartar forsvinn i eit urovekkjande tempo. Siste rapport frå EU om vadefuglar viser at heile 16 nye artar er flytt til ein meir alvorleg raudlistekategori. Grunnen er at viktige våtmarksområde blir øydelagt meir og meir. Tala er skremmande, for våtmark er det mest truga økosystem i verda og forsvinn tre gonger raskare enn skogane.
I Midt-Telemark har me Årnesbukta og bra er det. Samtidig ser me at det framleis blir opna for bygging på myr. Ein fugl som er avhengig av jordsmonn med meitemark og våtmark i nærleiken, er vipa. Ho er av dei mest utrydningstruga, og me kan risikere at arten forsvinn heilt, òg i Midt-Telemark.
Men naturrestaurering er viktig i fleire land, Noreg er her dessverre ei sinke. Kan me lokalt finne område som kan og bør restaurerast eller vernast for å berge ein vadefugl som vipa?
Men kva skjer over åsen? På Notodden er eit våtmarksområde truga på grunn av ei planlagt utbygging av flyplassen. Der finn me kanskje einaste hekkelokalitet av vipe i Notodden, pluss sothøne som òg er svært sjeldan. Her er det reiselivet som pressar på for å få til flygingar med større fly som krev meir areal. Og kven skal ofrast? Vadefuglane sjølvsagt, for leveområda deira ligg tett inntil flyplassen. Då må det vera lov å stille spørsmålet: Er det verdt å utrydde sjeldne og raudlista artar for at nokon (få) skal kome seg raskare og lettare opp til hyttene i øvre Telemark?
Og om dette ikkje direkte handlar om oss i Midt-Telemark, er det likevel grunn til å fylgje med, for dette er stikk i strid med nettopp naturrestaureringstanken. Noreg må ta ansvar med tanke på Naturavtalen frå 2022 der måla er at dei ulike landa skal stoppe og reversere tapet av natur og økosystem. Dette må ein òg ta meir på alvor lokalt.