MEINING: Peder Loftnes Hauge, leiar i Noregs mållag.

– Nynorsken held stand, med fleire lyspunkt enn utfordringar

Publisert Sist oppdatert

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar auka med over 176 000, til heile 556 741 elevar. Denne veksten i bokmålselevar er langt større enn nedgangen i nynorskelevar, noko som viser at nynorsk ikkje vert «flykta» frå, slik somme påstår.

Endringa er meir eit resultat av større samfunnstrekk som innvandring og utflytting frå distrikta til og rundt dei store bokmålsdominerte byane. Til dømes får dei fleste vaksne innvandrarar norskopplæring på bokmål – også i mange nynorskkommunar, sjølv om ungane har nynorsk som opplæringsmål. Dette er eit område vi kan påverke politisk, og det illustrerer kvifor Noregs Mållag er så viktig.

I dag møter vi nynorsk oftare enn for tretti år sidan. Nynorsk er synleg i fleire norske aviser og mediehus, og det er stadig meir nynorsk i appar, programvare og ulik språkteknologi. Dette gjer det enklare å produsere nynorsk i kvardagen. Litteraturen blømer, med både fleire bøker på nynorsk og yngre forfattarar som rekrutterer seg til nynorsklitteraturen. Nokre bokmålsforfattarar skriv til og med vekselvis på nynorsk og bokmål!

Populærmusikken er òg eit felt der nynorsk og dialekt står sterkt. I dag syng dei fleste som nyttar norsk, på anten nynorsk eller dialekt, medan bokmål tapar terreng til engelsk. Det er nynorsk og dialekt som er dei reelle alternativa til engelsk i musikk.

Haldningane til nynorsk har blitt langt betre dei siste 10-15 åra. Dei verste fordomane og ukvemsorda har minka, og fleire ser no på nynorsk som ein naturleg del av det språklege mangfaldet i Noreg. Dette kan henge saman med at vi i dag er meir opne for ulike språklege uttrykk i eit fleirkulturelt samfunn. Eit døme på denne endringa er Haugesund, ein tradisjonell bokmålskommune som no ynskjer å bli språknøytral – fordi det blir vurdert som meir inkluderande for både innbyggjarar og tilsette.

Walisiske styresmakter har vist korleis politisk vilje kan styrkje eit minoritetsspråk. Etter hundreår med undertrykking er talet på walisiskbrukarar no aukande, med over 600 000 brukarar i Wales og England. Målet om 1 million walisiskbrukarar innan 2050 er kombinert med økonomiske tiltak for å nå målet. Dette er førebiletleg og eit klart døme på at språk ikkje berre handlar om bruk, men også om politikk.

Med snart 16 000 medlemer har Noregs Mållag det største medlemstalet sidan 1985. Det gjev oss makt bak dei politiske krava vi stiller til styresmaktene. Dess fleire vi er, dess betre jobb kan vi gjere for nynorsken og dei norske dialektane. Mange melder seg inn når nynorsken er under press, men også når det er noko å feire – som då Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i fjor. Dette viser at det er eit sterkt ynske i folket om å styrkje nynorsken og sikre han ei lys framtid.

I ei tid der engelsk dominerer akademia, næringslivet og kulturen, er det viktigare enn nokon gong å styrkje norsk språk. Rikdomen i å ha to skriftspråk – som speglar både ordtilfanget, dialektmangfaldet og kulturen vår – er ein del av den norske identiteten som vi må ta vare på. Det har aldri blitt skrive meir nynorsk enn i dag. Du er velkomen med på laget!

Powered by Labrador CMS