– Skulen må skjermast for fleire kutt
Kommuneøkonomien har i fleire år ført til mangel på pedagogar og utilstrekkeleg opplæringstilbod, særleg når det gjeld tilrettelagt undervisning.
Ein samla lærarstab med Utdanningsforbundet og Fagforbundet ved Bø skule uttrykte bekymring for dette tidlegare i haust (Bø blad, 18. oktober). FAU ved Gvarv skule melder også no om at botnen er nådd i oppvekstsektoren (Bø blad, 27. november).
FAU ved Bø skule er av same oppfatning, og stiller seg bak lærarane til det beste for ungane våre når framlegg om ytterlegare kutt skal opp til handsaming i budsjettforhandlingane. Her er ikkje meir å hente utan at det rammar kvaliteten i opplæringa.
I notatet som følgjer budsjettframlegget gjer kommunen ei statusvurdering, og slår fast at det allereie i dag er behov for meir individuell tilrettelegging og auka grunnbemanning i grunnskulen. Situasjonen er prekær, og ein slit med rekruttering til både ufaglærte vikarpostar og pedagogstillingar (Notat for Budsjett 2025 og Økonomiplan 2026–2028).
Stikk i strid med det ein kunne vente, er einaste tiltaket som skal bøte på denne krevjande situasjonen kutt som går utover bemanninga. I same notatet ser ein også at det er alvorlege utfordringar i andre enden av skuleløpet. Tal på elevar som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring og tal på elevar som rapporterer om mobbing og einsemd som problem på ungdomsskulen er langt høgare enn måla kommunen har sett seg. Tidleg innsats er avgjerande for å møte slike utfordringar.
Kutta som er foreslått svekkjer opplæringstilbodet ved Bø skule komande budsjettår, men FAU ved Bø skule uroar seg også for dei negative følgjene ein kan kunne rekne med seinare i skuleløpet.
For å møte kuttet på vel 2 millionar som er føreslått utan at nokon skal bli oppsagt, er det ikkje så mange andre alternativ enn å fase ut midlertidige stillingar og å ikkje setja inn vikar ved langtidsfråvær. Ein slik praksis er allereie sett i gang med dei varsla kutta. Det kan føre til at ein sentral funksjon som kontaktlærarrolla også er truga. Det er da viktig å spørja kven som eig risikoen for kutt i oppvekstsektoren når dei som jobbar tett på ungane våre seier at grensa allereie er nådd.
Tap av kontinuitet og stabilitet er det ungane som betaler for, i første omgang i form av tapt læring, men kva for konsekvensar får dette for kommunen igjen om nokre år? Kutta i oppvekstsektoren går inn i eit større bilete, der det fort kan vise seg at ein tapar meir rundt neste sving. Ei risikovurdering som set dei viktige åra i grunnskulen inn i ein større samanheng bør vera gjort i forkant av kuttforslag.
Til sist vil vi presisere at vi ikkje seier nei til kutt ved skulane for å skuve kutta over på andre sårbare grupper i kommunen. Vi vil sende signal vidare om at det må koma ressursar til kommunane som samsvarar med oppgåvene i skulen. Ny opplæringslov frå august krev meir kvalifisert personell for individuelt tilrettelagt opplæring, og politiske føringar om ein meir fysisk og praktisk skulekvardag er siste bestilling.
Ein meir aktiv skulekvardag og faglærte i tilrettelagt undervisning er sjølvsagt velkommen, men det er endringar som kostar. Vi er redde det kostar for mykje for dei tilsette i skulen, som alt er i ein pressa situasjon, om det ikkje følgjer tilskot med. Dei tilsette ved Bø skule er fagleg dyktige og dedikerte i arbeidet sitt og fortener honnør for arbeidet dei utfører med nedskjeringane som alt er gjort.
Vi er bekymra for kva kutta inneber på kort sikt, men også for kva det kan få å seia på lenger sikt, også for attraktiviteten med tanke på rekruttering av kompetent personale til ein distriktskommune. Har vi eigentleg råd til det i ei tid med lærarmangel?
Invester i framtida, skjerm skulen.