190509-Bøker-i-Bø-opning-29-b-

Meisteren og studentane


Judith Hermann, viktig forfattar i sin generasjon i Tyskland

Bøker i Bø er i gang. På opningsfesten i Gullbring fredag møtte publikum både etablert og nye forfattarar og studentar i ferd med å gi ut bok. Tyske Judith Hermann samtalte om sine bøker med den norske forfattaren Inger Bråtveit. Den tyske debutanten Simon Strauss vart intervjua av Roskva Koritzinsky. Dei to tyske forfattarane blir begge rekna som sin generasjons forfattarar.

Frå Bø fekk publikum oppleve komande forfattarar som studerer ved universitetet. Innimellom vakker musikk frå fløyte og harpe fekk me også høyre andre forfattarar lese, som Mona Høvring som les frå boka si «Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født». Musikarane, Kristin Hammerseth og Clara Bellegrade, er gjesteartistar ved Norsjø kammermusikkfest.

Litteraturfestivalen Bøker i Bø held fram i dag med boksalong, filmprat og konsert på Bø hotell. I morgon blir det poetisk vandring med Eldrid Lunden og Rime Christiansen før Tore Skeie fortel frå boka «Hvitekrist» om Olav den heilage.