190411 Husbanklån Espen Nordli Eriksen

Millionar til startlån

Bustadkonsulent Espen Nordli Eriksen i Nav rettleier folk som vil søke startlån og tilskot frå Husbanken. Foto: Gro B. Røiland

Bø kommune har tatt opp startlån til vidareformidling i Husbanken på 15 millionar kroner, mens Sauherad kommune har 6 millionar kroner.

Startlån blir gjeve til folk som elles ikkje får lån i vanleg bank eller ikkje har mulegheit til å spare til eigenkapital. For å få lån må ein ha høg nok inntekt, frå arbeid eller trygd, til å betene lånet i tillegg til andre nødvendige utgifter.

Espen Nordli Eriksen er bustadkonsulent både for Bø og Sauherad og blir bustadkonsulent i ny kommune. Han har hjelpt mange til å søke startlån til bustad.

– Det skal vera nøkterne bustadar. Me gjev lån på 2 til 2,5 millionar kroner, seier Eriksen.

I fjor blei det ifølgje Eriksen innvilga fem-seks startlån til bustadkjøp i Bø og eitt til to startlån i Sauherad. Det har vore mellom 10 og 15 søknadar i året, men ikkje alle fyller kriteria.

Les meir om startlån i papiravisa.