190123-Minnestund-Maren-og-Louisa-

Minnestund for Maren og Louisa

Tende bål. Det vart tend to bål, eit for Maren og eit for Louisa.


Onsdag kveld var det minnestund for Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø.

Dei to studentane vart funne drepne i fjell Marokko 17 desember i fjor. No er begge gravlagde og det var tid for medstudentar, tilsette og andre som kjende dei å minnast dei to.

Det vart først gjort ved eit minnesamvær leiar av studentprest Pernille Astrup. Det var fleire som hadde ordet blant de rektor Petter Aasen. Artisten Moddi som er tidlegare student i Bø, song. Etterpå vart det tent to bål, eit for kvar av dei to ved bålplassen i Gullbring.