160902-fotgjengarovergang

Misnøgd med fotgjengarovergang

160902-fotgjengarovergang

Norges Blindeforbund Telemark ynskjer overgangen ved Europris betre sikra. Foto: Gro B. Røiland

Norges Blindeforbund Telemark er ikkje nøgd med fotgjengarovergangen ved Europris. I eit brev til Statens Vegvesen peikar forbundet på at overgangen ikkje er skilta, ikkje har sebrastriper, ikkje ekstra lys, ikkje opphøgd felt, ikkje farefelt og ikkje markert køyrebane.

Blindeforbundet opplyser at det har kome fleire innspel om fotgjengarovergangen til organisasjonen. No ønskjer forbundet at overgangen blir sikra.

I brevet blir det peika på at ein merka overgang stiller strengare krav til at bilistane er aktsame. Blinde og svaksynte opplever at det er stor forskjell på omsynet bilistane brukar når det er sebrastriper samanlikna med når det ikkje er det. Mange opplever at bilar alltid stoppar dersom ein står med kvit stokk ved sebrastriper, det skjer ikkje alltid der som kryssingspunktet ikkje er markert.