Skarphedin FK Grenland 22. april 2017 9242 tribune

Møter Odd i cupen

Blir trangt om plassen. Alle fotballglade folk i Midt-Telemark bør notere seg datoen for årets kamp på Sandvoll. Elitelaget Odd kjem på besøk til bygda.

Datoen 18. april er berre å merkje seg med ein gong. Da kjem elitelaget Odds Ballklubb frå Skien til Bø for å møte Skarphedin fotball til første runde i NM-cupen. Det er Noregs fotballforbund som har offentleggjort i dag. Dermed blir det fotballfest på Sandvoll denne onsdagen.