Solveig Svardal, Ida-Emile Øyen Dalen, Sigrid Haukvik, Sauherad frivilligsentral, Kjernehuset
Solveig Svardal, Ida-Emile Øyen Dalen, Sigrid Haukvik, Sauherad frivilligsentral, Kjernehuset

Nå opnar frivilligsentralen

Solveig Svardal, Ida-Emile Øyen Dalen og Sigrid Haukvik i interimstyret for Sauherad frivilligsentral håper mange kjem på opninga på Kjernehuset tysdag. Foto: Gro B. Røiland

Endeleg er Sauherad frivilligsentral klar for opning. Det skjer tysdag kveld på Kjernehuset på Gvarv.

Satsingsområde nummer ein for den nye frivilligsentralen i Sauherad er barn og unge. Planen er å halde ope hus to ettermiddagar i veka etter skuletid.

– Her kan barn og unge kome innom å få mat, gjera lekser, spele spel og prate, seier leiar i interimstyret for frivilligsentralen, Sigrid Haukvik.

Sjølv om det er satsing på unge, presiserer ho at alle aldrar er velkomne i opningstida.

To fredagskveldar i månaden blir det klubbtilbod for unge frå ungdomsskulealder og oppover. Her vil også ungdom frå Bø vera velkomne.

Ida-Emilie Øyen Dalen, tiandeklassing og ungdomsrepresentant i interimstyret for frivilligsentralen, har stor tru på satsinga på barn og unge.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.