Lifjell 230219 1010 to skigåere krinto

Nøgd med vinterferien på Lifjell

Påskestemning. Laurdag i vinterferien var det reine påskestemninga på Lifjell. mange var å sjå både i alpinbakkane og i løypene på Jønnbu og innover fjellet. Foto: Øystein Akselberg

– Det blei ein bra vinterferie på Lifjell, seier Per Hanstad i Lifjell Skisenter AS.

Hanstad peikar på at vêret var litt ymse nokre dagar, men at dei opplevde stort sett veldig bra besøk både i bakkane og i langrennsløypene heile veka. Han kan rapportere om god deltaking på arrangementa deira og da spesielt på familiearrangementet Telemark Wintertour på fredagen og afterski og konsert med Ugras fra Bø på laurdag. På Lifjelltunet var også det meste av hytter leigd ut heile vinterferien.

Det er fortsatt folk på vinterferiebesøk også denne veka, og både Skisenteret og Vinterland er ope kvar dag. Langrennsløypene blir også køyrd opp med tråkkemaskin.

– Det er fortsatt bra forhold i bakkene på Lifjell, selv om mildværet de siste dagene har tæret en del på snøen, avslutter Per Hanstad»

Lifjell skisenter har både denne og neste veke besøk av mange skular frå Midt-Telemark, blant anna Nome vidaregåande, Bø Ungdomsskule, Bø barneskule, Sauar friskole, Lunde 10-årige skule og Holla skule.

– Me inviterer alle skulane i Midt Telemark til å besøke oss gratis, seier Hanstad, og legg til at dei ønskjer å bidra til at flest mogleg barn og unge i Midt-Telemark skal få sjansen til å stå på ski ein dag.