sudan dudan1

Nominert til spellemann

Sudan Dudan er nominert i klassen for folkemusikk og tradisjonsmusikk.

Tre av dei nominerte til Spellemannprisar har tilknytting til Midt-Telemark.

I dag blei nominasjonane til årets Spellemannspris offentleggjort: 91 artistar er nominert i 24 kategoriar. Spellemann 2018 går av stabelen laurdag 30. mars på Chateau Neuf i Oslo.

Fleire av nominasjonane har tilknytting til Bø og Midt-Telemark: Sudan Dudan er nominert i klassen for folkemusikk og tradisjonsmusikk for plata «Heimen der ute». I duoen finn ein Anders E. Røine frå Bø og Marit Karlberg. I same kategori er Johanne Flottorp, frå Åmli, nominert for plata i i sitt eige namn. Ho har tilknytting til Bø både som hardingfelelærar her og med sambuar frå Bø. Gruppa The Northern Belle er nominert i country-klassen og her er Flottorp ein av musikarane.

I klassen for samtidsmusikk er Telemark kammerorkester nominert for plata Chasing Strings. Her er det, og har vore, fleire musikarar frå Midt-Telemark.

Spellemannprisen er ein årleg prisutdeling som skal heidre norsk musikk i alle sjangrar. Prisen blei etablert og delt ut første gong i 1973 for plateåret 1972. Utdelinga blir arrangert av Spellemann AS, som er oppnevnt av IFPI Norge og FONO. 

Årets arrangement blir leia av Tarjei Strøm og Julie Bergan.