Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-6°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Noregs mållag heidrar Bø blad

På direkten. Noregs Mållag delte ut målblomen på direkten under morgonsendinga til NRK Telemark. F.v. Gro Birgitte Røiland, Bø blad, Grete Ingebjørg Berge, NRK, Mange Aasbrenn og Jens Kihl frå Noregs Mållag, Rune Digranes Bøen, Bø blad.

 

Utvidar området, held på nynorsken

Noregs Mållag har delt ut Målblome til Bø blad. Prisutdelinga skjer i samband med at mållaget har landsmøte i Vinje.

 

– Målblome er tildelt Bø blad for frimodig bruk av nynorsk, seier mållaget.

– Bø blad kjem ut i eit språkleg utsett område. Avisa har ei offensiv haldning og held på nynorsken når den utvidar dekningsområdet til Sauherad. Når me er i Vinje er det ekstra kjekt å dele ut prisen til ei avis i Telemark som gjer det bra, seier leiar i mållaget, Magne Aasbrenn.

Nestleiar i mållaget; Jens Kihl, er sjølv avismann. Han meiner nynorsk er eit godt avisspråk.

– Nynorsk er kort, konsist og tydeleg. Det er veleigna til vanskelege saker, seier Oslo-mannen Kihl.

Aasbrenn seier at Målblome er ein pris laget deler ut når nokon utmerkar seg. Sist vart den delt ut til ein frisør i Fredrikstad.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje