nett Tryll Logo-Final kopi

Ny attraksjon i Sommarland

Ny vass-skilie. Sommarland inviterer til ein magisk sommar med den nye sklia «Tryll».

Bø Sommarland opnar dørene 9. juni og har klar ein ny attraksjon, vass-sklia «TRYLL». Det er ei nær 160 meter lang sklie med ein høgdeforskjell på over 16 meter. Den skal plasserast ved Bøverstranda. Den er barnevenleg og parken forventar at aldersgrensa blir rundt seks år eller 110 centimeter høgde. I løpet av nedfarten får ein oppleve forskjellige filmklypp med lyd. Filmklyppa kan endrast slik at opplevingane blir nye for kvar tur.

– Totalt brukar me i år meir enn 16 millionar kroner på investeringar og vedlikehold, både synleg og ikkje synleg vedlikehald, seier parksjef René Langeveld Sas.
Parkdirektør er glad parken kan presentere ein ny vassattraksjon, noko som byggjer opp under Sommarland sitt mål om å vere ein attraktiv vasspark. I sin 34. sesong held parken ope heilt fram til 19. august.