Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ny bli kjent-kveld i Bø

Studentar møter lag og foreiningar. Sentrale krefter bak minglekvelden i Gullbring er f.v. André Hustoft Nesheim frå Gullbring kulturanlegg, Marita Kristina Valkeinen frå kulturkontoret Bø kommune og Ole Henrik Jahre, nestleiar fadderstyret ved USN.

Universitetet i Bø (USN), Bø kommune og Gullbring kulturanlegg arrangerer for første gong ein minglekveld for lag og foreiningar i Bø og studentar ved universitetet. Minglekvelden kjem i stand etter ønskje frå USN og har som mål å kople studentar mot lokale frivillige lag og foreiningar. Arrangementet skjer onsdag 14. august og er ein del av fadderveka for studentane.

Møteplass

– Dette blir ein vinn-vinn-situasjon for begge partar. Her kan studentane gjere seg kjent med det frivillige lagslivet i Bø. Tilsvarande kan lag og foreiningar slje seg inn med aktivitetane sine og kanskje kapre nye medlemer og styremedlemer, seier trioen som står bak planlegginga av arrangementet, Marita Kristina Valkeinen ved kulturkontoret i Bø kommune, marknads- og arrangementleiar André Hustoft Nesheim ved Gullbring kulturanlegg og Ole Henrik Jahre, nestleiar fadderstyret ved USN.

For Gullbring er det også eit fint høve å vise fram kulturanlegget for nye studentar.

Uformell kveld

Trioen seier at alle lag og foreiningar som er relevante i høve studentane er velkomne til å stille med stand. Dei håpar at lagslivet i området tenner på denne idéen og ser at det kan vere til stor nytte å treffe studentane tidleg i studieåret.

– Det blir eit uformelt og laust program der studentane kan mingle Framstugo og også få tilbod om noko å bite i, seier arrangørane.

Det blir to minikonsertar med ein trio frå Akkerhaugen Rock Samfunn med Lene Langåsdalen i spissen og med den lokale gruppa Stupidiots.

– Bø kommune håpar dette engasjementet slår an både hjå lagslivet og studentane. Det blir ein prøve i år, men me håpar dette kan bli eit fast arrangement under fadderveka, seier Kristin Karlbom Dahle frå administrasjonen i Bø kommune.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje