180607 Sauherad skule kart 2

Ny Gvarv-skule i 2020

Slik kan den nye barne- og ungdomsskulen  for Sauherad bli. Teikning: Norconsult AS.

Til skulestart i 2020 skal ny skule stå ferdig på Gvarv. Denne veka fekk formannskapet presentert foreløpige skisser for korleis den nye skulen skal bli.

Alle brikkene er ikkje på plass, verken når det gjeld romløysingar eller totale kostnader. Men det nærmar seg, og til kommunestyremøtet 21. juni skal alt vera klart.

Den nye skulen blir ein blanding av heilt nytt og ombygging av det gamle. Mellomtrinnet og ungdomstrinnet, det vil seie frå femte til tiande klasse, får nybygg med to klasserom til 25 elevar i kvar base. Det blir også nytt fellesbygg som skal innehalde amfi, skulekjøkken og kantine, kulturskule, folke- og skulebibliotek og barnebase.

I prosjektet ligg også fleirbrukshall, der størsteparten er nybygg. Det gamle bassenget og klubbhuset blir med inn i ny fleirbrukshall.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa. Til orientering er ikkje teikninga i papiravisa oppdatert, mens det er teikninga her i nettsaken.