Ung Arena ungdomspanel og prosjektleiing 18. sept 2019 6634

Ny møteplass for unge

Lagar møteplass for unge. Ungdomspanelet i Ung Arena består av ni ungdommar. Sist onsdag hadde dei arbeidsmøte med leiinga i prosjektet. F.v. Eline Momrak, Camilla Pedersen Berge, Rodas Tadese Sibathu, prosjektleiar Trond Garborg, Gine-Mari Nesjan, psykolog Anne Marie Kaasa, Ingvild Haukeland og Åshild Gloppen. Tre av ungdommane i panalet var ikkje til stades denne kvelden.

Storsatsinga for å gje unge i Bø og Sauherad ein ny og moderne møteplass nærmar seg oppstart. Ungommen sjølv er sentral i utforming og innhald.

Møteplassen og folkehelseprosjektet Ung Arena nærmar seg opning. 14. oktober skal det nye tilbodet for ungdom i alderen 13 til 20 år slå opp sine dører i nyrigga lokale i Gullbring kulturanlegg. Ung Arena har to faste tilsette og vil få basen sin i andre etasje i Gullbring, i gangen som går inn langs og bak tribunane i Gullbringhallen.

Les meir om saka i dagens avis.