Uvdal gard 22. mai 2018 4809 Christian Ramberg jr og Dan Norheim

Ny praktgard reiser seg på Uvdal

Snart to år etter storbrannen. Christian Ramberg junior frå Uvdal gard (t.v.) og prosjektleiar Dan Norheim frå Telemark Byggentreprenør framfor praktgarden som igjen reiser seg etter den tragiske brannen i juli 2016. Innan sommarferien skal mykje av bygginga vere ferdig og tre nye og staselege bygg står klar til bruk. Foto: Øystein Akselberg

I løpet av sommaren står nye Uvdal gard ferdig etter den tragiske brannen i juli 2016. Ein ny praktgard som heile bygda kan vere stolt av har reist seg på litt over eitt år.

Heile Bø-bygda blei prega av nyheita om den tragiske brannen på Uvdal gard kvelden 23. juli 2016. Storbrannen tok driftsbygningen, to gamle stabbur og kårbustaden, den såkalla raudbygningen. Hovudhuset fekk mindre skadar som gjorde at berre frontdelen måtte fiksast på med nye ruter og ny måling.

Nå er alt snart ferdig bygd opp att, og alt blir stort sett som før.

– Me byggjer opp att det meste som det var og det blir ingen forskjell på produksjonen på garden med egg, korn, poteter og skog, seier Christian Ramberg junior, og legg til at talet på høner også blir som før. Dagane 5. og 6. juni kjem det 7.500 verpehøner til garden, alle levert av Halvor Tollehaugen via ein produsent på Jæren. Hønene er 16 veker og skal bu på garden og verpe egg til dei blir 78 veker.

– Det har blitt gjort ein formidabel jobb med gjenreisinga, og det meste har skjedd på eitt år, seier Ramberg jr.

Les meir og sjå fleire bilete i dagens avis.