181108 Mette Haugholt Sauherad barne- og ungdomsskole 2

Ny Sauherad-skule i tynn tråd

Ordførar Mette Haugholt i Sauherad har ikkje gjeve opp å finne pengar til ny skule med byggestart i 2019. Foto: Gro B. Røiland

Signalet frå rådmann Åse Egeland er klart: Bygging av ny barne- og ungdomsskole på Gvarv til 185 millionar kroner med byggestart neste år, er ikkje økonomisk forsvarleg.

Trass i meldinga frå rådmann og administrasjon vedtok formannskapet i Sauherad at skuleutbygging skal ha fyrste prioritet ved behandling av økonomiplanen. Rådmannen blir i vedtaket bedt om å jobbe for å få på plass byggestart for ny skule i 2019.

– Politikarane meiner rådmannen har konkludert for tidleg. Her må det løftast på alle steinar. Ny skule på Gvarv er ein av grunnpilarene i intensjonsavtala for ny kommune, seier ordførar Mette Haugholt.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no