190104-TGB-Kim-Remi-Bergskås-og-Elin-Kjartansdottir-6073

Ny storkontrakt for Bø-firma

Telemark Grunn og Betong (TGB) har i ein hektisk fase med storjobb på Bø stasjon flytta basen sin til Grivimoen i Bø, fått ny dagleg leiar og signert ny storkontrakt.

Ny base. Prosjektleiar Kim Bergskås og dagleg leiar Elin Kjartansdottir framfor Telemark Grunn og Betong sine nye lokalar i Elvefaret 2 på Grivimoen i Bø.

Kim Bergskås (34) er mannen mange vil knytte til bygg- og anleggsfirmaet Telemark Grunn og Betong (TGB). Han har vore dagleg leiar sidan oppstarten i 2010. Frå nyttår går han over i rolla som prosjektleiar. Bedrifta får samtidig inn ein ny tilsett som dagleg leiar.

Elin Kjartansdottir (51), busett i Lunde, er frå nyttår tilsett som dagleg leiar i TGB. Frå same stund tek Kim Remi Bergskås rolla som prosjektleiar.

TGB har hatt ei rivande utvikling dei siste åra og er aktuell på fleire frontar akkurat no.

Base på Grivimoen

Seinhaustes kom nyheita om at Bergskås og TGB hadde kjøpt eigedomen Elvefaret 2 på Grivimoen av NRC Rail. Dermed flyttar dei bedrifta frå Gvarv og Brenna og samlar alt i Bø.

Lokala omfattar 200 kvadratmeter innomhus med kontor, møterom og spiserom, samt areal for lager utomhus. I bygget sitt har dei også plass til fire utleigekontor i kontorfellesskap.

I dag har TGB tjue tilsette pluss lærlingar og innleigd mannskap.

God vekst

Omsettinga til firmaet har auka jamt og trutt, med ei pil som har gått bratt oppover dei siste to åra. Omsettinga var 27 millionar kroner i 2017 og i fjor enda det på rundt 40 millionar kroner.

I haust har TGB jobba med omlegging av uteområdet på Bø stasjon. Eit arbeid som held fram til ut i februar.

– Like før jul signerte me ein ny storjobb. Då fekk me totalentreprisa på grunnarbeid og infrastruktur på eit nytt bustadfelt i Folkestad, seier Bergskås, og legg til at det handlar om feltet Stugumoen, eigd av Arthur Bø og Olav Anders Hellekås.

Oppdraget omfattar eit felt med i alt 28 bueiningar som skal ha oppstart ein gang no på nyåret.