191003 eplefest 2

Nye heidersmerke til Nyhuus Gard

Dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannessen, delte på eplefesten ut Spesialitet-merke til Gro Hommo frå Lega gardsysteri og bakeri, Kari Nyhuus Holtskog og Halvor Holtskog frå Nyhuus Gard. Foto: Gro B. Røiland

Nyhuus Gard på Gvarv blei tildelt to nye Spesialitet-merke på Norsk Eplefest laurdag. Merka går til produkta eplesirup og plommesyltetøy. Nyhuus Gard har frå før fire Spesialitet-merke for fire ulike eplemostar.

Eplesirupen er kraftig redusert eplemost som brukast til matlaging. Nyhuus Gard lagar opp til seks ulike typar plommesyltetøy, alt laga for hand heime på garden. Nå får produkta Spesialitet-merket på seg.

Merket er ei viktig anerkjenning for dei som får det.

– Det betyr mykje marknadsmessig. Det er også veldig motiverande at det er ein uavhengig fagjury som har testa produkta, seier Halvor Holtskog.

Lega gardsysteri og bakeri i Øyfjell blei også tildelt to Spesialitet-merke for produkta takkebaka pizzabotn og den kvite geitosten Stavsfjell.

Det var Bernt Bucher Johannessen, dagleg leiar i Hanen, som sto for utdelinga. Hanen er ein bransje- og marknadsorganisasjon for verksemder innan gardsmat og bygdesturisme i Noreg.

Lars Sponheim tok initiativ til merkeordninga i 2001 da han var landbruksminister.  Målsettinga er å vise forbrukarane vegen til unike smaksopplevingar og vise fram og stimulere til mangfald i norsk matproduksjon.

Ein uavhengig og breitt samansett matfagleg og matkulturell kompetent jury vurderer produktet. Det som blir godkjend kan bera Spesialitet-merket i tre år før det må opp til ny vurdering. Sju av ti i juryen må stemme for eit produkt for at det skal få Spesialitet-merket.