Skarphedin j15 NC 2019 IMG_0165 beskjært

Nye sigrar i Norway cup

Norway cup. Dei to jentelaga i klasse 15 år gjer sine saker svært bra.

Skarphedin jenter 15 år har to lag med i årets Norway cup. Lag 2 slo Sveio 2-0 i føremiddag og vann dermed si pulje. Lag 1 slo Vålerenga fotball heile 4-1 i går ettermiddag og heng dermed med om å gå vidare til A-sluttspelet. For å nå dit må dei slå puljeleiar Austrheim, noko som kan synast som ei vanskeleg oppgåve.