180315-vegnamn-Skrivarvegen-Bø-Thomas-Hellekås

Nye vegnamn i ny kommune

Låtskrivar Thomas Hellekås i Skrivarvegen i Bø må belage seg på å bytte adresse. Foto: Gro B. Røiland

Like og nesten like vegnamn får nye namn i nye Midt-Telemark kommune. Seks like og 26 nesten like vegnamn i Bø og Sauherad er vurdert etter faktorar  bestemt av Fellesnemnda for den nye kommunen.

Faktorar som spelar inn er talet på bustadar, industri og næring i vegane, lokale stadnamn og om vegnamnet er knytt til tema.

Anna Svalbjørg ved teknisk eining i Bø leiar arbeidsgruppa Matrikkel som har ansvar for slike saker i kommunesamanslåinga.

– Ein kommune må ha klar og tydeleg adressering. Eintydig identifisering av eigedom er viktig for at utrykkingskøyretøy skal kome til rett adresse. Dette er noko me er pålagt av kartverket, seier Svalbjørg.

Les meir om saka og kva for vegar som truleg må bytte namn i papiravisa eller i e-avisa som abonnentar finn på boblad.no.