FAST INNSLAG: Bø skulemusikk er fast innslag på julegrantenninga i Bø. Her under julegrantenninga i 2021.

– Løyser me ikkje dette, har korpset inga framtid

– Klarer me ikkje å løyse dette, har korpset inga framtid, seier styreleiar i Bø skulemusikk, Ole-André Skalstad.

Publisert

Innsparingsforslaget i kulturskulen, som mellom anna omfattar å kutte 45 prosent stilling som slagverklærar, har rysta korpsmiljøet. Det er også forslag om å redusere instruktørstillinga på trompet.

Denne veka har Bø skulemusikk hatt styremøte, der kuttforslaget blei diskutert.

– Slagverkinstruktør er heilt avgjerande, utan slagverk kan me ikkje vera eit korps. Viss me ikkje klarer å løyse dette, har korpset inga framtid, seier styreleiar Ole-André Skalstad.

69 barn og unge 

For Bø skulemusikk er avtala med kulturskulen og Midt-Telemark kommune svært viktig. Bø har gjennom mange år klart å bygge opp eit stort og solid korps. Bø skulemusikk består nå av 69 aktive korpsmedlemmer i alderen 4. klasse til og med vidaregåande skule. 

– Me har eit stort korps, samanlikna med andre kommunar og i forhold til innbyggartal. Ein stor del av det handlar om samarbeid med kulturskulen og kultursektoren. Me betalar kontingent til kulturskulen og får instruktørar tilbake. Det er eit fruktbart og godt samarbeid, seier Skalstad.

I 2024 betalar skulemusikken ifølgje Skalstad 265.000 kroner for instruktørtimar.

– Denne ordninga har stor verdi for korpset og har bidratt til stabile og kompetente instruktørar, seier Skalstad.

Diskuterer gjerne pris

Styreleiaren seier styret er villig til å diskutere auka pris for å behalde instruktørar.

– Det har ikkje kome fram som eit forslag, men me ser den økonomiske situasjonen kommunen er i, og at dette er vanskeleg for politikarane. Me er ikkje blitt spurt, men Bø skulemusikk er open for å drøfte auka kontingent viss dette kan sikre at me får dei instruktørane me treng også i framtida, seier Skalstad.

Musikantane betalar nå 750 kroner i semesteret til korpset. Bø skulemusikk subsidierer ein del av det instruktørtimane kostar per musikant. Målet er at alle kan vera med i Bø skulemusikk, uansett familieøkonomi.

STYRELEIAR: Ole-André Skalstad er styreleiar i Bø skulemusikk.

– Me vil ikkje lage økonomiske sperrer for å vera med i korpsmiljøet. Éin ting er den musikalske verdien av korpset for barn og unge, noko anna er det å ha ein fast møtestad. Korpset er også viktig i forhold til inkludering og integrering, seier Skalstad, som er overraska over eit kuttforslag han meiner rammar barn og unge så direkte.

Travel førjulstid

Bø skulemusikk har som vanleg travle førjulsdagar i vente. Fyrstkomande søndag er Bø skulemusikk på Bø torg og spelar til julegrantenning og gang rundt juletreet. Neste helg er korpset på scenen i Gullbring kulturhus når kulturskulen fredag og laurdag inviterer til sitt årvisse juleshow. Veka før er det øving kvar dag.

Siste speling i 2024 er tradisjonen tru i Bø kyrkje på juleftan.

– Ein kan spørje seg kva korpset betyr for Bø. Det er det openbare, som speling på 17. mai og julegrantenning. Det andre er kva det betyr for dei unges vekst og utvikling i bygda vår, seier Ole-André Skalstad.

Powered by Labrador CMS