Midt-Telemark Næringspark Brenna område D2 010817 1

Nytt lensmannskontor skal byggjast på Brenna

Tomt på Brenna. Birk Bygg AS skal byggje lensmannskontor på Brenna industriområde i Sauherad.

Politiets Fellstjenester tildelte tysdag oppdrag for utleige av nytt lensmannskontor i Midt-Telemark til entreprenøren Birk Bygg As. Birk Bygg vil sjølv vere entreprenør for oppføring av bygget og stå som utleigar til politiet. Bygget vil på i overkant av 1.100 kvadratmeter inkludert eit garasjeanlegg. Byggjeperioden er berekna til omtrent eitt år. Tomta ligg nær Riksveg 36 og også nær den planlagte miljøstasjonen. Arealet er allereie regulert til område for politiets verksemd.

Lensmannskontoret vil omfatte Bø, Sauherad og Nome kommunar. Det blir gjort ein leigeavtale på 15 år med opsjon på ytterlegare fem år.