GRILLING ER LOV. Det er lov å grille i eigen hage, men ikkje lov med bål eller bråtebrenning utandørs.
GRILLING ER LOV. Det er lov å grille i eigen hage, men ikkje lov med bål eller bråtebrenning utandørs.

Nytt totalforbod mot open eld

– Det er nå totalforbod mot all bruk av open eld i Bø, Sauherad og resten av kommunane i Telemark. Vedtaket gjeld frå kl. 16.00 2. juli og til situasjonen endrar seg. Det står å lese på heimesidene til kommunane Bø og Sauherad.

– Brannsjefane i Telemark har i dag laga eit felles vedtak mot bruk av open eld. Forbodet omfattar bruk av eld som kan antenne gras, skog og liknande, står det vidare på nettsidene.

Det blir påpeika at skogbrannfaren austafjells no er veldig stor.

I følgje nettsida er dette ikkje lov:

* Det er ikkje lov å tenne bål og grille i nærleiken av skog, ut- og innmark

* Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona

* Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane

* Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Dette kan leveras inn på avfallsmottak

Med bål meiner ein små kaffibål, bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff. Med grill meiner ein eingongsgrillar, kolgrillar og gassgrillar.

Brannsjefane opplyser at følgjande er lov:

Grille i din eigen hage, svært forsiktig. Er du i tvil om du oppfyller kravet til forsiktigheit så lar du vera å grille. (Eingongsgrillar er ikkje tillate)

Merk! Ved prekære hendingar kan brannvesenet legge ned forbod mot ALL eld, sjølv i folks hagar.

I forbindelse med eventuell skogsdrift må ein vere svært forsiktig, skogdriftsaktørar kjenner farane og må nå fortløpande vurdere om situasjonen tillet drift. Det følgjer av krava til aktsemd i lov og forskrift om brann. Det varme og tørre veret som me har hatt i vårt distrikt i lenger tid har ført til stor fare for brann i gras og annan vegetasjon.

Forbodet gjeld inntil vedtaket blir oppheva. Brannsjefen oppfordrar alle til å respektere totalforbodet mot bruk av open eld i denne perioden.

Skadar som eventuelt skulle oppstå som følgje av bruk av alle typar eld, eller annan aktivitet som fører til brann, kan medføre straffeansvar.

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.