Bø stasjon 24. september 2018 2463 Stasjonsbua og statue

Ombygginga av stasjonsområdet startar torsdag

Uteområdet og parkeringsplassen ved Bø stasjon blir eit anleggsområde frå torsdag av og heilt fram til 18. desember. Det er Telemark Grunn og Betong med Kim Bergskås i spissen som har fått jobben. Kontrakten er verdt 4,66 millionar kroner + moms. Bane NOR melder at dei skal utvide parkeringsplassen ved Bø stasjon frå 44 til 86 p-plassar.

Under arbeidet blir den store parkeringsplassen stengt. Som erstatning tilbyr Bane NOR dei reisande eit parkeringsområde ved Oppheimvegen, på andre sida av jernbanesporet. Det er ikkje lov å krysse jernbanesporet, så dei reisande som parkerer her må rekne tid til å gå tilbake til stasjonen over Borgjabrua.