Dagens Biltema i Bø handelspark.
VIL HA STØRRE BUTIKK. Det er planar om ein større butikk av denne typen i Bø handelspark. FOTO: Øystein Akselberg

Omkamp om Jysk i Bø ?

Bø handelspark: Varehuskjeda Jysk ønskjer å etablere butikk her i Bø handelspark, gjerne vegg i vegg med Biltema-butikken. Foto: Øystein Akselberg

Sist haust blei det teke initiativ til å få etablert varehuskjeda Jysk med eigen butikk i Bø handelspark. Planavdelinga i Bø kommune stoppa saka med eit brev og viste til at ei etablering av Jysk-butikk ikkje er i tråd med reguleringsplanen eller nasjonale retningsliner. Det vert ikkje opna for detaljhandel i butikkar over 800 kvadratmeter.

Bø blad har teke opp saka med ei rekkje politikarar i Bø. Mange er svært overraska over at saka ikkje blei varsla om til kommuneleiing og det politiske miljø på anna måte enn som ei referatsak mellom ei rekkje andre. Nokon er kritisk til planavdelinga si handtering.

– Her har planfolka utøvd dårleg skjønn, seier Bjørn Magne Langkås (FrP), og spør seg om kva ein skal med politikarar i Bø når ein har ei slik planavdeling.

Les meir om saka i dagens avis.