180628-Hegna-Camping-butikk-08-b

Opnar sjølvbetjent butikk

Grønsaksdisk. Butikksjef Inger Marie Bakås, Gro Aasgrav og prøvekunde Linge Aarak ved frukt- og grønsaksdisken i den nye butikken på Hegna Camping. FOTO: Bø blad, arkiv

 

Blir open alle dagar heile året

– Butikken blir open 365 dagar i året, seier Gro Aasgrav, drivar og eigar av Hegna Camping. Butikken ligg så vidt over grensa til Seljord i Brekke/Vefall og er ganske spesiell.

Gro Aasgrav fortel at det tidlegare har vore ein liten butikk i resepsjonen til Hegna Camping, men tanken no var å lage noko som er framtidsretta. På Hegna kan ein alt sjekke inn sjølve via telefon. I butikken som blir opna torsdag er det sjølvbetjent kasse og ingen som jobbar i kassa. Butikkeigaren veit ikkje om nokre andre tilsvarande butikkar.

Hjelp av Norgesgruppen

Aasgrav har arbeidd i 17 år i butikkane Spar og Meny og fortel at ho kjenner Norgesgruppen godt. Når ho og mannen hennar, Hans Olav Bakås, tok til å tenke på å lage ein ny butikk tok dei kontakt med Norgesgruppen. Aasgrav og Bakås var på første møte med den i november i fjor. Aasgrav fortel at Norgesgruppen ikkje hadde eige konsept på ein sjølvbetjent butikk, men derimot har dei mange gode verktøy og har blant anna sjekka markanden. Undersøkinga viser at det er rom for ein butikk i området. Aasgrav har også fått god hjelp til planlegging og innreiing av butikken.