Bordvegen 19. des 2018 anleggsarbeid på GSveg

Opnar snart ny gang- og sykkelveg

Full fart i anleggsarbeidet på gang- og sykkelvegen langs Bordvegen i morgontimane i dag. Bygging av støttemur stod på agendaen då lokalavisas utegåande reporter gjekk forbi.
Foto: Øystein Akselberg

Bø kommune sitt prosjekt med omlegging og oppgradering av gang- og sykkelvegen langs Bordvegen går stadig framover. Det har ei tid vore lysregulering og berre eit køyrefelt opp bakken frå Flitakrysset for å sikre ein midlertidig veg for gåande og syklande. Denne ordninga blir avvikla før jul og dermed blir den nye gang- og sykkelvegen opna for bruk.

Det gjenstår arbeid med oppsetting av autovern, nye gatelys og andre detaljar. Asfaltering vil skje til våren. I dag tidleg var det bygging av støttemur som pågjekk.

Det er entreprenør B&R Maskin som har oppdraget og totalramma for prosjektet er på 5,4 millionar kroner. Prosjektet omfattar vegen heilt frå Borgjabrua til der Bordvegen møter innkøyringa til Breisås studentheim. Omlegging av krysset ved Flitavegen er også ein viktig del av prosjektet.