USN campus Bø opning 20. aug 2018 9734 Olav Kasland

Ordførar Olav Kasland søkjer fritak

Har fått draumejobben. Ordførar i Bø, Olav Kasland (midt i biletet), var ute på oppdrag i si ordførargjerning på den offisielle opninga av nytt studieår på Universitetscampus i dag. Det kan bli eit av hans siste offisielle oppdrag om han får fritak får ordførargjerninga. Foto: Øystein Akselberg

– Eg har fått tilbod om draumejobben. Forbrukarrådet har oppretta ei ny stilling og om eg skal kunne ta imot den må eg ta til allereie i haust, stadfestar ordførar Olav Kasland i dag.

Kasland vil levere ein formell søknad om fritak frå ordførarjobben til Bø kommunestyre med det første. Han søkjer fritak frå 1. november og ut perioden som gjeld fram til kommunesamanslåinga trer i kraft 1. januar 2020. Søknaden vil kome opp i kommunestyremøte 15. oktober. Kasland vil fortsetje som kommunestyrerepresentant ut perioden, og vil også forsetje i fylkesting og fylkesutval.

Kasland har fått tilbod om jobb i ei nyoppretta stilling som fagdirektør innan forbrukarpolitikk og internasjonalt arbeid. Han vil ha kontorplass i Oslo, Brussel og heimekontor på Nordbøåsen.

Etter det Bø blad forstår vil Bø kommunestyre måtte gjere nyval av ordførar om Kasland blir innvilga fritak.

– Eg antek at Venstre vil gå inn for dagens varaordførar, Borgar Kaasa (Sp), som ny ordførar. Det vil vere det beste for bygda. Kaasa kjenner godt til alle prosessane som pågår i høve ny kommune, seier Kasland.
Han trur ikkje arbeidet med kommunesamanslåinga vil lide i nevneverdig grad om han fråtrer som ordførar.
– Dei viktigaste politiske vedtaka er fatta og no er det administrasjonane som jobbar med prosessane. Det er kompetente folk i både administrasjon og i politikken som fører denne saka i mål, seier Kasland.