Martin Kaalstad og Lars Tore Svendsen 3266

Passar på drikkevatnet vårt

Teknisk etat. Martin Kaalstad, Sauherad kommune, og Lars Tore Svendsen, Bø kommune, har god kontroll og oversikt over drikkevassanlegga i dei to kommunane.

Veit du kvar drikkevatnet ditt kjem frå og korleis det blir handsama på vegen fram til du kan tappe det i springen? Me har snakka med teknisk etat både i Bø og Sauherad om dette.

Dei to kommunane har til saman fire vassverk og elleve høgdebasseng. Alt vatnet kjem frå grunnvassbrønnar. Leidningsnettet i dei to kommunane er rundt 200 km langt.

– Både i Bø og Sauherad har me grunnvassbrønnar og så bra råvatn at me kunne pumpa det rett ut på leidningsnettet utan behandling, seier Lars Tore Svendsen og Martin Kaalstad. Dei har ansvar for drikkevatn i høvesvis Bø og Sauherad per i dag.

Karane på teknisk etat forsikrar at alt vatn blir handsama i sine respektive anlegg før det går ut i leidningsnettet.

Kvar einaste dag året gjennom leverer dei fire vassverka i Bø og Sauherad i snitt 3,6 millionar liter reint drikkevatn til abonnentane sine. Vassverket i Bø står for 1,9 millionar liter, medan dei tre i Sauherad leverar 1,7 millionar liter. Det er snakk om store mengder og omfattande anlegg og leidningsnett for å løyse oppgåvene.

Les meir om drikkevatnet ditt i Bø blad i dag.