sakna-mann-Dt-1vQgW4AEJYnW

Politiet etterlyser mann frå Bø

Sakna. Politiet ønskjer informasjon dersom nokon har sett denne mannen. Foto: privat

Politiet ønskjer informasjon dersom nokon har sett mannen på bildet.

Han er 33 år gammal, er to meter høg og tynn. Politiet opplyser på nettstaden Twitter at han er kledd i mørk blå genser og olabukser. Han har kortklypt lyseblondt hår. Mannen vart borte frå heimen laurdag 8. desember kl. 13. og er framleis sakna måndag.