Sosiale medium

Bø i Telemark
07
12°C
 

Dato

Måndag 15. oktober 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

pop-produsenten frå Gvarv

Nominert til Spellemannspris. Gvarv-mannen Ole Torjus Hofvind er produsent på pop-artisten Cezinando si siste plate. Det har gjeve Hofvind anerkjenning og nominasjon. Foto: pressebilete.

Ole Torjus Hofvind har sin musikalske ballast frå kulturmiljøet på Gvarv. No er han nominert til ”årets produsent” i Spellemannsprisen.

Ole Torjus Hofvind (25) har vakse opp på Gvarv og takkar både kulturskulen, foreldras kulturinteresse og musikk- og kulturmiljøet i Sauherad og Bø for impulsar i unge år. Dette var med på å stimulere den unge mannens interesser og forme vegvalet hans fram mot der han står i dag: Som pop-produsent i noregstoppen.

Spellemannspriskomitéen har nyleg nominert Hofvind i klassen for årets produsent.
– Nominasjonen kom svært overraskande, men det er sjølvsagt veldig gøy. Eg ser på meg sjølv som underdog i denne klassen, for her er eg i klasse med kjende produsentar med lang fartstid, Stargate-folk til og med, seier Hofvind.

Nominasjonen har han fått mykje på grunn av produsentrolla si på artisten Cezinandos siste plate.

Les meir i denne vekas avis.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje