180929 Norsk Eplefest Kittil Darrud

Populær eplefest trakk mange folk

Notodden-ordførar Gry Fuglestveit (midten) fekk prøvesmake Sauherad-frukt av Kittil Darrud. Det fall i smak. Foto: Gro B. Røiland

Lokalprodusert mat sto i sentrum for marknadsdagen på Norsk Eplefest, som i dag fylte sentrum av Gvarv med tilreisande frå fjern og nær. Folk flokka seg ikkje minst rundt eplebonde Kittil Darrud og dei andre som delte ut smakebitar av saftige eple frå Midt-Telemark.

Ein av dei som smakte seg gjennom eplesortane var Notodden-ordførar Gry Fuglestveit,  som var invitert på eplefest av ordførarkollega Mette Haugholt i Sauherad.

– Me er fleire ordførarar frå nærområdet som har vore her i dag. Eg set pris på å kome hit og lære, sa Fuglestveit som etter fleire testbitar fall ned på tradisjonsrike Raud Gravenstein som den aller beste eplesorten.

Les meir om eplefesten og sjå fleire bilete i papiravisa 4. oktober.