Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Populær skogdag

God stemning ved bålpanna. Grillsjef Anders Høibø (t.v.) hadde mange på besøk ved pølsegrillen. Her er det nokre karar som kosar seg med kaffi og pølse, f.v. Nils Ole Plassen, Johannes Lunde, Sveinung Torsdalen, Nils Steinarsrud og sistemann som me ikkje fekk namn på.

Felleskjøpet i Bø sin årlege skogdag er blitt ein merkjedag for både skogeigarar, skogsarbeidarar og alle andre som likar seg i vedaskogen.

Skogdagen handlar ikkje berre om motorsag, vedkløyving, fliskutting, tømmerhengar med fjernkontroll, trefelling og verneutstyr. Men det er heilt klart det viktigaste. Ut frå interessa hjå publikum er ein kopp kaffi og ei grillpølse ikkje så dumt det heller.

Butikksjef Kristen Bråthen og folka hans på Felleskjøpet riggar om både inne og ute når det er klart for den årlege skogdagen. Skogdagen gjekk føre seg fredag i sist veke og dette var fjerde året i rekkja. Tilstrøyminga av folk tyder på at interessa for skogsdrift og alt anna som har med stell av skog, tømmerhogst og hogge eigen ved er i skotet som aldri før. Omsettinga denne dagen kom opp i ein million kroner og talet på selde motorsager stoppa på 47 stykk.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje